Fagsamling frukt- og bærvin, Vingarden på Jølst

09
Apr 2024

11:00

Velkommen til fagsamling i frukt- og bærvin på Vingarden på Jølst, 09 – 10 pril 2024

Om Vingarden på Jølst:

Camilla Aasen starta Vestavin i 2019, og i 2021 fekk ho kjøpt seg eige gardsbruk som no er under oppbygging som Vingarden på Jølst. Ho har ein småskala fruktvinproduksjon og driv prøveproduksjonar, produktlandseringar og utviklar nye vinar i takt med tilgang på råvarer. Garden ligg langs E39 ved Årdalen i Jølster og er lett å finne ved å følgje skiltinga til Hanen.no.

Om fagsamlinga:

Fagdagen har som målsetting å gi deg oversikt over fagområdet vin av norsk frukt og bær, både med og utan alkohol. Råvarekvalitet, det å sette vin på frukt og bær i forhold til vin av druer er to ulike, men tett forbundne teknologiar, og det å jobbe utanfor drua opnar både for nye utfordringar og nye moglegheiter. Dette får du lære litt om, samt at vi utvekslar erfaringar og smakar på eit breidt spekter av moderne nordisk fruktvin. Camilla deler også av sine erfaringar frå utvikling og produksjon av Vestavin, med eksperiment, feil andre kan lære av og det viktigaste innan regelverka som gjeld.

Fagsamlinga gir deg oversikt over fagområde innan fruktvin, råvarer, metodar og moglegheitene. Vi kjem inn på grunnleggande produksjonsmetodar og analyseteknikkar av fruktvin. Gjennom smaking ser vi, luktar og bedømmer nordiske fruktvinar. Camilla viser fram sin oppstart, testing og utvikling på Vingarden på Jølst under merkenamnet Vestavin. Fagdagane er for deg som ynskjer å utforske kva som er mogleg å få til og å komme i gang med frukt og eller bær som fruktvin eller alkoholfrie drikkevarer.

Påmelding til:  paamelding.sjh@vlfk.no

Pris kr. 2000,- dekker samking,  måltid og overnatting på garden, dersom  du ynskjer overnatting på Skei Hotell ordnar du det ved å bestille rom under kode og betalar for overnatting og fruksot i tillegg.

Jølster, Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380, 6843 Skei

Program, 9.-10 april: 

Dag 1

Kl. 11 oppstart, introduksjon og første smaking

Råvarene

Kl. 13 Lunsj

Frukt, most, fruktvin: kjemi og kvalitet

smaking

Introduksjon til produksjonsmetodar

Kl. 18 Middag, diskusjon og erfaringsutveksling.

Dag 2

Metodane og verktøya – fruktvin i praksis

Kl. 08.00 Frukost, Døme: oppstart, testproduksjon og utvikling Vestavin

Praktisk fruktvin del 1

Kaffipause

Praktisk fruktvin del 2

Regelverk

Marknaden, Moglegheiter

Lunsj og avslutning

14.30 Avreise frå Vingarden