Innføringskurs i siderproduksjon med sidersmaking og besøk til siderprodusent

01
Oct 2021

9:00
  Måltidets Hus, Richard Johnsens gate 4, Stavanger, Norge

[tb_google_map address="Måltidets Hus, Richard Johnsens gate 4, Stavanger, Norge" height="150px"]

Målet med kurset

Kurset er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga din eigen sider eller ynskjer å prøva. Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på sider-produksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverket for lokalmat sine 3-dagars
siderkurs i Ulvik (3.-5. november).

Innhald

• Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
• Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
• Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? tilsetjing av sukker?
• Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
• Sensorisk marknadsføring. Korleis faktorar som emballasje og historieforteljing påverkar kunden
• Trendar innan sider
• Smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider. Korleis vurdera smak på sider.
• Besøk til Sandalen gard, Randaberg – omvisning i sideriet og smaksprøvar

Målgruppe

Lokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Erfaring med juiceproduksjon kan vere ein fordel, men kurset passar for nybegynnarar og!

Vel møtt til faglig veiledning og nettverksbygging!

Kurshaldarar

  • Eivind Vangdal, tidlegare frukt- og siderforskar ved NIBIO Ullensvang forskingssenter på Lofthus. Han bidreg med sin unike kunnskap om sider-produksjon saman med
  • Guro Helgesdotter Rognså. Ho har doktorgrad innan molekylær gastronomi, er sommelier og dommar i fleire norske mat- og drikke konkurransar.

 

Arrangører; Nofima, Kompetansenettverk lokalmat SØR, Rogaland fylkeskommune og Vestland fylkeskommune

 

Les meir – påmelding:

https://nofima.no/aktivitet/innforingskurs-i-siderproduksjon-med-sidersmaking-og-besok-til-siderprodusent/