Ysting av tradisjonsoster, grunnmodul

05
Aug 2024

11:00

Grunnmodul i ysting av tradisjonsostar er eit kurs for deg som ynskjer kunnskap om surmjølksostane våre. Det er ostar som egnar seg for alle type ystarar og ysteri, eit produkt som kan vere assosiert med stølslivet, men som egnar seg godt til kommersielt sal og ysting i alle ysteri.

Sted: Gurostølen, Larsgard, Hovsvegen 215, 3577 Hovet.

Tid: 5. – 8. august 2024,

Oppmøte måndag 5. august til lunsj kl 11 og introduksjon, gardsbesøk og innkvartering.

Avsluttar til kl. 17.00 onsdag 8. august.

Tema/innhald: Grunnmodul i ysting av tradisjonsostar (surmjølksostar): Separering, syrning, kinning av smør og ysting av gammalost med Kristin G. Teigland og trøgost med Jarle Rueslåtten på Gurostølen, koking av brunost på Prestholt. Besøk til Fagerdalen.

Overnatting i hytter i nærleiken. Kursleiar Jarle Rueslåtten

  • Pris: 5200,- Inkludert lunsj x 3, 1 felles middag og overnatting x 3 på Gurostølen. Nokre av måltida må vi ordne til sjølv på stølen, eit måltid som oppleving med ostesmaking.

Påmelding: innan 1. juli På e-post; Paamelding.sjh@vlfk.no

Program kjem her i lenke.

Litteratur – fint om du har med Ysteboka, den er anbefalt å lese før ein kjem på kurset – bestillast her: https://www.fagbokforlaget.no/Ysting/I9788211026187

Spørsmål om kurset – kontakt Aud Slettehaug tlf. 47375739

aud.slettehaug@vlfk.no

Kurset er eit kurs i regi av Kompetansnettverk lokalmat.

Foto: Aud Slettehaug